
Dette er noko eg skreiv som eit slags tilsvar på noko av det eg har sett i norske media dei siste dagane. Eg vurderte å sende det til nokre norske aviser, men då den blei for lang, valde eg å berre poste det her. Eg beklagar på førehand ordgyteriet og at det er litt ‘all over the place’; det heile blei rabla ned ganske raskt.
Det har ikkje vore ei enkel veke for europeiske politikarar. I sin avslutningstale på Munich Security Conference, måtte Christoph Heusgen ta til tårane på grunn av det visepresidenten i USA, J.D. Vance, hadde sagt. USA og Europa delar ikkje lenger verdiar, frykta han. Og publikum gav han ståande og applaus før han tok imot klemmar.
Finst det eit betre bilete på den europeiske eliten sin dekadanse?
Dinest blei dei same som græt med Heusgen forferda over at USA og Russland ville forhandle utan Ukraina og utan Europa til stades. Europa kjenner seg tilsidesett, irrelevante – og meiner visst dette er det ultimate sviket: at USA no søkjer fred i Ukraina, etter at USA og Europa lenge jo var samstemte i å hindre dette.
Eg skal ikkje diskutere om det rett eller gale å halde Ukraina ute, men eg registrerer at Zelenskyj og Putin truleg vil tale saman snart. USA ynskjer sjølvsagt ein god avtale for seg sjølv meir enn noko. Hugs endeleg at våpena dei gav alltid var på ein sokalla Lend-Lease-avtale, noko som tyder at dei ikkje gav våpena utan atterhald, men alltid ville ha noko attende.[1]
MOLD beta har skrive om korleis amerikanske selskap si landerobring i Ukraina ligg til grunn for konflikten med Russland. Her vert det dokumentert korleis det blei varsla om dette i Europaparlamentet, noko som jo indikerer at EU-eliten ikkje var heilt uvitande om USA sine intensjonar.
I alle høve, Europa vil vaske henda sine, og late som om USA liksom fyrst no har vorte so slemme, men at det var riktig å støtte dei fram til no. Europa var med på å støtte Nato si utviding, som leia til krigen i Ukraina (utan at det var den einaste årsaka, som eg har skrive om her). Og vi har vore med på USA sine forsøk på å hindre fred, som då Boris Johnston drog til Ukraina våren 2022.
Zelenskyj har sjølv innrømma at Nato-medlemskap aldri var på bordet, noko som er å gå langt i å innrømme at han blei nytta av USA mot Russland, og at det alltid var ein avløysarkrig mellom USA og Russland. Men det vil ein sjølvsagt ikkje tale om, media er mørklagt. Ein vil heller ikkje tale om korleis USA alltid hadde ein interesse i Ukraina som ikkje handla om å spreie demokrati, men om å styrke seg sjølv. Ein skal vere ganske naiv for å tru noko anna (eller so har ein lese for mykje hovudstraumsmedia, som jo vil indusere naivitet).
USA brydde seg aldri om Ukraina, lat oss innsjå dette fyrst som sist. USA bryr seg alltid om seg sjølv, sjølv om dei ikkje alltid vil sei dette direkte. Dei brydde seg hovudsakleg om det dei kunne få ut av krigen: Ikkje berre kunne dei svekkje Russland, noko som tydelegvis ikkje har fungert, men dei kunne ogso få tak i ukrainske ressursar, som matjord. Dei fekk difor Ukraina til å endre ei lov (i mars 2020) om at utanlandske aktørar ikkje kunne eige matjord i Ukraina.
Ikkje høyrt om dette heller? Vel, det burde vere enno ei lekse om korleis våre media har ganske tydelege skeivheiter, og ikkje i retteleg forstand er uavhengige sidan dei i stor grad fylgjer USA sitt perspektiv og narrativ. Og det er heller ikkje so rart, ettersom mange av dei, som BBC, har motteke direkte støtte frå USAID (MOLD beta kjem med ei sak om dette snart).[2] Norske media, som ofte ikkje har råd til eigen dekning av utlandet, kjøper dinest sakar frå desse aktørane. Soleis oppstår ein slags sjølvforsterkande sirkel, der nokre sanningar vert etablerte, og opposisjonelle syn vert skvisa ut.
Redaktørar har truleg ikkje våga anna, og journalistar — som ikkje med naudsyn er dei som veit mest om det dei skriv om (noko som ikkje er meint som ein kritikk) — har forstått kva narrativ dei må halde seg inne med, dersom dei ikkje vil verte ‘kansellerte’. (Elles so har dei kanskje avvist det ikkje stemmer med deira verdsbilete som feilaktig utan vidare. Ikkje veit eg.)
Diverre ser ein dette innanfor akademia ogso, der ein forskar som Glenn Diesen ikkje har sloppe til i det heile teke; men heldigvis har ein ganske bra stillingsvern her, so han har fått halde på jobben sin. Poenget er at sidan 2022 har den norske offentlegheita vore ganske einsretta (og få har makta å ytre andre syn, med heiderlege unntak som Julie Wilhelmsen) — noko som er skadeleg dersom ein vil ha eit robust demokrati. Men det er kanskje ikkje so viktig som ein latar som…
Maska har falle
No seier altso USA det som dei verkar å ha meint heile tida, men som dei ikkje kunna seie høgt, sidan dei jo var avhengige av å ha med seg Europa. Dei seier at Europa er dekadente, og dei tek sjølvsagt ikkje feil, same kor hykleriske dei er. Det er ikkje berre Europa som er dekadente; det er sjølvsagt ogso USA, i større grad enn Europa. Men dei verkar i det minste å vere merksame at dei er på hell, og er difor meir desperate i det dei gjer.
No vil kanskje Europa lære. Men eg tvilar. Eg vil tru at Europa vil stå last og brast med USA dersom dei til dømes vil eggje Kina til å gå inn i Taiwan, ei brikke i USA sitt spel. For lat det ikkje vere nokon som helst tvil: Kina er USA sitt hovudmål — dei latar ikkje lenger som om det ikkje er høvet, då tida er i ferd med å renne ut.
Difor vil USA, som Vijay Prashad har påpeikt, prøve seg på ein omvendt Kissinger-manøver, der dei får Russland — som ikkje har ein militær allianse med Kina, sjølv om media ofte får det til å verke slik — til å vende seg mot Kina, sidan Kina jo er eit trugsmål mot imperialisme. Men Russland er nok for smarte til å bite på agnet, dei veit at USA ikkje er til å stole på.
Vi, altso Europa, vil truleg snart stå last og brast med Israel dersom dei, saman med USA, går inn i Iran. Ettersom vår allierte, USA, allereie har støtta eit folkemord (saman med blant anna Tyskland), kvifor skal ein forvente noko anna?
Det er difor er so latterleg å sjå ein vaksen mann gråte på scena over at USA no liksom ikkje delar våre prinsipp. Det er toppen av kognitiv dissonans — mannen kan ikkje vere riktig god. Som om Europa liksom er faneberarar av fridom og demokrati.
Sei det til landa vi har bomba; sei det til folk i Gaza. Sei det til folk i Sahel-regionen som nyss fekk kasta ut franske troppar. Ja, sei det til alle som lid i verda.
Europa, og vesten som soleis, har fullstendig sett bort frå korleis herjar med resten av verda. Ja, USA er hovudaktøren, men Europa har vore USA sin logrande hund. Kanskje kan det no endre seg, men den økonomiske, politiske, og mediale eliten har truleg ikkje vilje til å sjå seg sjølve i spegelen. Det same gjeld det akademiske arbeidararistokratiet.
Alle desse har heile tida trudd dei representerer det gode, og so skal USA — landet som dei jo har vore so lydige andsynes — kome å fortelje dei noko anna. Då kan ein ikkje anna enn å tykkje synd på seg sjølv.
Europa sine verdiar er kapitalismen sine verdiar, som imperialisme og militarisme. Ein snakkar fint om fridom og demokrati på 17. mai, men ein bryr seg ikkje særleg resten av året.
Nokre seier at ein no liksom burde bli med i EU. Men det motsette er nok konklusjonen ein burde trekkje. Som Ewald Engelen nyleg skreiv:
The technocratic nature of the EU, where the unelected European Commission is both legislative and executive, and where the European Parliament is more of a supervisory council than law-maker, fits the neoliberal vision of its founders. As Quinn Slobodian has argued, European integration was meant to dethrone plebiscitarian democracy and hand over economic and monetary policymaking to unelected technocrats.[3]
So då kan ein jo tale om demokrati til ein vert blå i ansiktet, samstundes som ein lagar institusjonar meint for å verne om teknokratar sin evne til å ture fram som dei vil, på vegne av finanseliten. Er det rart EU har mista legitimitet?
Kva for nokre prinsipp?
Eg gidd ikkje ta heile debatten i Noreg, då den stort sett er ganske einsretta og har eit lågt analytisk nivå. Det handlar ofte om å nytte meir på militæret, det handlar om at ein liksom ikkje lenger kan stole på USA. (Men snodig nok er det enno ingen i hovudstraumsmedia som har teke til orde for å seie opp baseavtalen, i vert fall ikkje som eg har sett.) Det same gamle…
Ein som har vore på bana fleire gonger er Iver B. Neumann, og han er kanskje representativ for den norske posisjonen, i alle høve blant den norske skravleklassen. Han talar sjølvsagt om at vi må forsvare våre verdiar. Han preikar i Morgonbladet (19.02.2025) om å forsvare den sokalla ‘liberale verdsordenen’, du veit, den som har sikra at nokre land vert halde nede slik at andre kan tene seg rike — (u)ordenen der dei gamle kolonistane framleis skal bestemme reglane for resten av verda, den unipolare verda der inter-imperialistisk konflikt er erstatte med éin hegemon, USA, og ein rekkje underordna imperialistar, representert av Nato og EU, IMF og Verdsbanken.
Han talar om demokrati, rettsprinsipp og frihandel. Kvifor forsvaret av demokrati synest hult har eg allereie dekka her, og det er ogso bunde saman med EU sin manglande demokratiske ånd, som vi var inne på. Men demokrati er sjølvsagt noko alle er for, so han kan ikkje seie anna.[4]
Respekt for rettsprinsipp — greitt nok, eg er med. Men vi har altso ei sak gåande om menneskerettsbrot under vindkraftutbygginga på Fosen. So kor mykje respekt vi faktisk har for dette veit ikkje eg. (Vi fall nyleg kraftig på Transparency Internation sin indeks ogso.) Men eg er heller ikkje usamd med prinsippet.
Dette med frihandel er meir problematisk, sidan det historisk sett er noko den sterke part har nytta andsynes svakare partar. Under ein periode der ein byggjer seg opp, og industrialiserer, har dei fleste land nytta seg av proteksjonisme.[5] So fort ein er sterkare enn andre, har ein tala om frihandel, som i praksis tyder at andre land ikkje skal få lov å gjere det ein sjølv gjorde, men heller må opne landet sitt for utanlandsk kapital. Soleis passar det med korleis USA ville opne Ukraina for investeringar t.d. frå BlackRock.
Det artige er jo at Neumann verkar tale direkte mot frihandel med sitt neste prinsipp, som går på at ein må verne om vår økonomi.
So kjem han med dei same gamle billege poenga mot Kina. Han får det til å verte noko negativt at dei ikkje har ein økonomisk sfære som er isolert frå politikken; eg ville snarare halde dette fram som noko positivt, då det tyder at ein held kapitalistar i taumane. Dette heng ogso saman med hans snevre, liberale forståing av demokrati, der demokratiet aldri kan verte utvida til å gjelde økonomien.
Retteleg demokrati er eit trugsmål mot kapitalisme, kort fortalt.
Neumann syner til fulle kor fallert det liberale verdsbiletet er, og korleis det ikkje heng på greip. Og med det han seier om frihandel presterer han i praksis å kome med eit forsvar for økonomisk imperialisme. I tillegg syner han at han i stor grad er med på USA sitt narrativ mot Kina. So mykje for kritisk sans…
Han talar ogso om at vi må gjere meir for å kjempe mot klimaproblem. Men han gløymer å nemne at det er vesten sine utslepp som historisk sett står for brorparten og at problema skuldast nyss det systemet han jo forsvarar, nemleg det liberale, kapitalistiske systemet, der økonomisk vekst er viktigare enn menneskelege behov. Han burde kanskje lære litt av Kina, som heller siktar seg mot det dei kallar økologisk sivilisasjon.
So kjem han med eit forsvar for at vi må halde på relasjonen til USA, trass det som no har hendt. Soleis avslører han at han truleg er budd på å forsvare krig mot USA sine fiendar — budd på å rekne desse som våre eigne fiendar (noko det han skriv om Kina ogso avslører).
Og til slutt kjem han med ein appell til at vi må verte med i EU; og då vert det tydeleg, om det ikkje var det enno, kva den ‘liberale posisjonen’ er: ein vits.
Kva skal venstresida gjere?
Eg meiner vi på venstresida (altso dei som er mot kapitalisme), burde fremje disse fire krava: 1) Slutt på folkemordet i Palestina – beinveges ende på okkupasjonen; 2) ingen krig mot Iran; 3) slutt på den kalde krigen mot Kina, og tiltak for å hindre ein varm krig; og 4) ikkje rør Sør-Amerika! Eg seier ikkje denne lista er uttømande, eller at dette er ting som med naudsyn vil hende. Poenget er å motverke det, og å ha ein tydeleg posisjon mot det dersom det skjer. Det er det motsette av det folk som Neumann har, då han framleis er viljug til å tilgje USA, som ein forsmådd elskar i eit giftig tilhøve. Hans posisjon er difor ikkje ein posisjon i det heile teke.
Ein kan meine kva ein vil om desse landa og regionane (media og journalistar har gjort sitt beste for å demonisere dei og bu oss på krig), men om ein vil ha noko som helst legitimitet i sin prat om å stå for menneskerettar og demokratiske prinsipp, må ein i det aller minste halde seg inne med FN-traktaten sitt prinsipp om sjølvråderett.
Dette er eit prinsipp Europa, og vesten soleis, aldri har respektert, og som dei heller aldri talar om i sine vakre talar; men det er eit prinsipp som tyder verda for landa som vi har herja med, og som forsøkje å stå på eigne bein. Vi burde hjelpe dei. Men då må vi fyrst sjå oss sjølve i spegelen, ikkje gråte krokodilletårer.
Bak krava eg foreslår ligg sjølvsagt hovudkravet, som er slutt på imperialistisk dominans, slutt på krig, altso: slutt på kapitalisme. Men ein må stadig ha korte og lengre tidsperspektiv i mente samstundes.
Og for å vere på den sikre sida: Eg burde sjølvsagt sagt noko om at vi må hindre økologisk kollaps, som er blant det viktigaste her — sidan det er sjølve premissen for at menneskeleg sivilisasjon som soleis kan overleve. Men det vil vere umogleg å hindre ein slik kollaps dersom vi ikkje samarbeider, difor er det truleg meir påtrengande å hindre krig (utan at eg med dette tek noko vekk frå kor påtrengande den økologiske krisa er!). Å ruste opp er i alle høve det verste ein kan gjere.
For oss som kjempar for ei anna verd er fronten endelaus, vi må heile vere budd på å ta alle kampar — ingen er for liten, ingen er for stor, og alle er bunde saman.
Lat meg avslutte med Michael Parenti, som sa dette i ein førelesing i 1986:
The Third World is not poor. You don’t go to poor countries to make money. There are very few poor countries in this world. Most countries are rich! The Philippines are rich! Brazil is rich! Mexico is rich! Chile is rich! Only the people are poor. But there’s billions to be made there, to be carved out, and to be taken. There’s been billions for 400 years! The capitalist European and North American powers have carved out and taken the timber, the flax, the hemp, the cocoa, the rum, the tin, the copper, the iron, the rubber, the bauxite, the slaves, and the cheap labour. They have taken out of these countries. These countries are not underdeveloped, they're overexploited!
Dette er det vestlege verdiar har tydd for resten av verda: plyndring, slaveri, landrøveri, kolonialisme, imperialisme. Vi må ikkje gløyme det. Spørsmålet er: Kva skal våre verdiar vere i framtida, og korleis kan vi sikre at dei gjeld for alle?
[1] Under Ukraine Democracy Defense Lend-Lease Act av 2022 er ikkje vilkåra for tilbakebetaling like strenge eller like raske som ved tradisjonelle lån. Lova er modellert etter Lend-Lease-programmet frå andre verdskrig, som gjorde det mogleg for USA å gje militær støtte til allierte nasjonar med forståing av at tilbakebetaling kunne verta utsett eller handterast på andre måtar enn direkte finansielle tilbakebetalingar.
[2] Wikileaks har avdekt at USA angjeleg har overført nesten ein halv milliard dollar (472,6 millionar dollar) gjennom Internews Network, ein global medieføretak som er ein ikkje-statleg organisasjon (NGO) som er mistenkt for å fremja løynd sensur og medieføretakskontroll. Internews hevdar at dei har ‘arbeida med’ 4.291 medieføretak og produsert 4.799 timar med sendingar på eitt år aleine, noko som har nådd opptil 778 millionar menneske globalt. Organisasjonen har også ‘trena’ over 9.000 journalister i 2023 og støtta initiativ for sensur på sosiale medium, sa Wikileaks i ei rekkje innlegg på X. Faktisk går brorparten av pengane USAID fordelar, til slike oppdrag, til støtte til ‘uavhengige’ media og sokalla NGO-ar (non-governmental organisations), som altso misvisande å nytte eit namn som ‘non-governmental’ på dei – sidan desse jo har motteke statleg støtte frå USA. Dette ligg bak forsøk på fargerevolusjonar, ja, faktisk er det bakteppet for den sokalla ‘revolusjonen’ i 2014, som markerte starten på denne krigen. Det er ikkje hovudsaka no, men legg merke til korleis dette er heilt mørkelagt i dekninga av korleis pengar til USAID har vorte kutta.
[3] Han legg til: Or as former Commission president Jean-Claude Juncker once let slip: “We decide on something, leave it lying around, and wait and see what happens. If no one kicks up a fuss, because most people don’t understand what has been decided, we continue step by step until there is no turning back.” So mykje for å forsvare demokratiske verdiar!
[4] I den liberale tradisjonen har demokrati ofte vorte sett på som ein styreform der det er frie val, politisk likskap (som stemmerett), og vern av individuelle rettar, i særskild eigendomsrettar. Ellen Meiksins Wood, i boka Democracy Against Capitalism, peikar på at denne forståinga av demokrati har blitt dominert av marknadsliberale idear, der demokrati blir redusert til ein mekanisme for å velje leiarskap og sikre politisk stabilitet, utan å adressere strukturelle urettferder eller økonomisk ulikskap. Ho kritiserer denne avgrensa forståinga fordi ho ser på demokrati som meir enn berre formelle prosedyrar. For Wood er demokrati også knytt til reell maktfordeling og deltaking i samfunnet, noko som ofte ikkje blir oppnådd i liberale demokrati der økonomisk makt er konsentrert i hendene på få.
[5] Denne utviklinga kan sjåast som ein naturleg del av korleis land bygger opp sin økonomiske styrke. Først vernar dei sine eigne industrier for å sikre vekst og stabilitet, og når dei har oppnådd ein viss styrke, opnar dei opp for frihandel for å utnytte globale marknader. Men denne strategien har også sine utfordringar, spesielt for land som ikkje har same ressursar eller maktposisjon i den globale økonomien.