
Det som fyl er eit slags tilsvar til debatten mellom Bernt Hagtvet (sjå her) og Danby Choi (sjå her) i Aftenposten (med eit forsvar for Hagtvet sin posisjon — som i likskap til Hagtvet bommar på målet — som nyaste og vonlegvis siste innspel). Ytringa blei sendt til Aftenposten, men dei ville ikkje publisere den (kven skulle trudd?!). Det er ikkje meint som ein fullstendig gjennomgang av det usiatiske demokratiet sine svakheiter, meir som ei skisse.
Det er noko parodisk over den norske debatten kring det som no skjer i USA. Ein vil liksom late som om Trump oppstod i eit vakum, som om det han gjer ikkje har nokon som helst presendens, og som om USA sitt demokrati no står i fare. Og dette er altso ein debatt ein stadig skal ta. Sist gong var det Magnus Marsdal som (på facebook) måtte rette opp i Sofie Høgestøl sine von- og historielause påstandar om USA som ‘vår demokratiske leiestjerne’. Han vektla at USA er eit plutokrati (pengevelde), eg er langt på veg samd og vil kome inn på noko av det same som Marsdal, men vil nemne eit par andre ting òg.
Men kva meiner ein med ‘demokrati’ i det heile? Det er den uuttalte premissen som ein aldri vil omtale direkte.
Dette avslører meir enn noko anna at termen ‘demokrati’ ikkje vert nytta på ein deskriptiv eller teknisk måte, men er ein politisert term som ein nyttar for å legitimere seg sjølv, og å kritisere andre land – våre fiendar – for å mangle. Og sidan USA jo er vår allierte, skulle det teke seg ut om dei ikkje var demokratiske!
Ein kan jo byrje med å merke seg at allereie før Trump so var USA karakterisert som eit ‘flawed democracy’ av the Economist sin Democracy Index, som er ein indeks som favoriserer kapitalistiske land – men altso likevel må innrømme at USA ikkje er eit fullverdig demokrati. Eg kunne avslutta artikkelen min her, då jo dei fleste liberale forskarar og forståsegpåarar burde ta dette som prov på min påstand, sidan det jo kjem frå deira eigne. Men lat oss gå vidare.
Ein kan sjå på kva folk i USA meiner. Dersom ein ser på meningsmålingar, er ikkje USA ein demokratisk stat. I 2022 konkluderte ei undersøking utført av ei gruppe som kallar seg Alliance of Democracies, som har støtte frå Nato, med at 49 prosent av folket i USA ser på styresmaktene sine som eit demokrati, medan over 80 prosent av folket i Kina ser på styresmaktene sine som eit demokrati.
Men lat oss ikkje dvele med slike samanlikningar, og heller sjå på korleis ein praktiserer demokrati i USA.
Historiske sett var det liberale demokratiet alltid avgrensa, sidan kvinner eller dei utan eigedom hadde til dømes ikkje stemmerett. Kring 6 prosent av befolkninga – menn som hadde eigedom – hadde stemmerett i byrjinga. Fyrst i 1920 fekk kvinner rett til å stemme i alle statar i USA. Var det tidspunktet USA blei demokratisk? Nei, sidan det framleis berre var kvite som kunne stemme.
Ein annan ting var at rurale stemmer talte meir enn urbane, sidan valdistrikt hadde so ulike størrelse. Fyrst gjennom avgjersler mellom 1962-64 avgjorde ein at valdistrikt måtte ha liknande størrelse for å sikre at kvar stemme talte like mykje. Men dette prinsippet har synt seg vanskeleg å leve opp til.
For det fyrste har ein sokalla gerrymandering, der grenser for valdistrikt vert teikna slik at ein politisk gruppe eller parti får ein fordel. Dette vert gjort ved å manipulere korleis område vert delt opp, slik at ein kan sikre fleire seter i eit val eller gjere det vanskelegare for motstandarar å vinne.
For det andre har ein valmannsordninga, som faktisk var meint å hindre populært demokrati. Systemet gjer at stemmer kan telje ulikt ettersom valmenn fordeler seg etter delstatsstørrelse, noko som bryt med prinsippet om lik stemmeverdi. Presidentar kan vinne gjennom valmennsfleirtal utan å ha flest nasjonale røyster, noko som har skjedd i 2000 og 2016, noko som oppfattast som ein svikt i å gjenspeile folkvilja.
Fokuset på ‘swing states’ leiar kampanjar mot avgjerande delstatar, medan trygge område ignorert, noko som marginaliserer delar av veljarane. I tillegg hindrar ‘winner-takes-all’-mekanismen mindre parti eller uavhengige kandidatar frå å konkurrere, noko som avgrensar politisk mangfald.
Samanlikna med direkte val strid systemet med likskapsideal og transparens, sidan det ikkje garanterer at flest røyster vinn, og skaper eit hierarki av politisk innverknad. I tillegg kjem det at Senatet gjev like mange stemmer til kvar stat, uavhengig av folketal, noko som tyder at stemmene til nokre – i statar med lågt folketal relativt til andre – vil telje mykje meir enn andre. Og sidan det er krevjande å endre grunnlova, skal det ein del til for å revidere dette (sidan grunnloven ble vedteke i 1787, har det vorte foreslått over 11 000 endringar, men berre 27 av dei har vorte ratifiserte). Det er i seg sjølv ein annan faktor som er meint å avgrense demokratiet.
Det beste demokratiet ein kan kjøpe
Ikkje før i 1965 fekk afroamerikanarar rett til å stemme i heile USA. So, tyder det at USA blei eit demokrati i 1965? Som allereie indikert, er det fleire grunnar til å tvile på det. Men lat oss late som om det er høvet, som om utvidinga av stemmerett til alle er det same som å vere eit fullverdig demokrati, og at det gjeld sjølv om valordninga har svake punkt. Er det då andre ting som kan undergrave demokratiet i praksis?
Vel, lenge før 1965 hadde pengemakta påverka USA sitt demokratiske system, og dette har berre forsterka seg.
USA er i praksis ikkje eit demokrati. Det er ein plutokrati. Det er eit system der dei rike kan kjøpe seg representasjon i styresmaktene. Det er eit system der store selskap i grunnen kan kjøpe politikarar. Høgdepunktet for dette var i 2010, då høgsteretten i USA vedtok ein dom som er kjend som Citizens United, der det vart sagt at selskap skal reknast som personar. Og dei kan donera så mykje pengar dei vil til valkampanjar, som i praksis betyr at bestikking og korrupsjon er lovleg i USA. Du kan ikkje ha eit fungerande demokrati når milliardærar og store selskap kan avgjera kva styresmaktene eigentleg skal vere.
Ein gløymer gjerne at demokrati handlar om meir enn val (og her har USA problem som eg ikkje ein gong har nemnd, som stemmeundertrykking). Det handlar ogso om representasjon. Optimalt sett burde dei politiske programma som har mest oppslutting blant folk ogso vere dei som vann fram i parlament. Men slik er det ikkje.
Om ein ser statistisk på det, er det eliten sine ynskjer som vinn fram i dei fleste høve. Martin Gilens og Benjamin I. Page forska på dette, og publiserte ein artikkel i 2014 (altso medan Obama framleis var president!). Dei skriv:
Multivariate analysis indicates that economic elites and organized groups representing business interests have substantial independent impacts on U.S. government policy, while average citizens and mass-based interest groups have little or no independent influence. The results provide substantial support for theories of Economic-Elite Domination and for theories of Biased Pluralism, but not for theories of Majoritarian Electoral Democracy or Majoritarian Pluralism.
Det er ikkje altso korrelasjon mellom det folk ynskjer og det dei folkevalde gjer. Enkelt forklart: Dersom 50 prosent av befolkninga støttar ein politikk, so burde det vere 50 prosent sjanse for at den vert innført. Dette er det ein kallar ‘ideell representasjon’. Røynda er annleis: Forfattarane syner at ein idé som ingen støttar og ein idé som ‘alle’ støttar (som gratis helsetenester til alle) båe har kring 30 prosent sjanse for å verte implementert. Forfattarane skriv at ‘the preferences of the average American appear to have only a minuscule, near-zero, statistically non-significant impact upon public policy’.
Med andre ord har det nærast ikkje noko som helst å seie kva folket meiner.
Vel, det er ikkje heilt riktig: Det er nemleg eit segment av folket som politikarane lyttar til. Du gjetta riktig: Dei rike. Den øvre 10 prosenten av befolkninga ligg nemleg mykje tettare på den ideelle representasjonen. Dersom dei ynskjer at noko skal skje, er sjansen ganske høg for at det skjer. Og dersom dei er mot noko, er dei i stand til å blokkere det, same kor mykje den resterande 90 prosenten av folket ynskjer det. Alto: Dersom du er fattig, har du nærast ingen påverknad.
Ein skulle nærast tru at ein forskar som Hagtvet, som nyleg har skrive ein artikkel som går langt i å skulde på folket sin manglande kunnskap for Trump, kjente til dette. Men problemet er ikkje at folket ikkje er opplyst. Problemet er at det ikkje tyder noko kva dei meiner. So her er eg faktisk samd med Danby Choi, som svarar Hagtvet på nyss dette. Under slike føresetnader er det faktisk ikkje so snodig at folk vendar seg mot ein som Trump.
Dette indikerer korleis nyliberalisme fostrar — og til og med treng nyfascisme for å redde seg sjølv, noko Prabhat Patnaik har argumentert for.
Og nei, dette er ikkje noko som berre gjeld Det republikanske partiet, og nei, det var ikkje noko som starta med Trump. Faktisk kan ein seie at Trump berre kunne kome til makta på grunn av dette systemet. Hugs endeleg kor mykje peng Musk nytta på Trump sin kampanje.
Det er ein grunn til at USA har det dyraste helsevesenet i verda, som likevel hindrar store delar av befolkninga tilgang til rimelege helsetenester; det er ein grunn til kring 65 prosent av befolkninga lev frå lønsslipp til lønsslipp (paycheck to paycheck), og at 21 prosent er analfabetar.
I USA er korrupsjon lovleg, ein kallar det lobbyering. Det kan verke som om dei store selskapa nytta i overkant mykje på dette, men det er ingenting mot kor mykje dei kan få attende i statssubsidiar. Det er soleis ein god investering å smørje politikarar. Er det dette ein kallar demokrati?
Eit ‘demokrati’ med forakt for demokrati
Eg har ikkje sagt noko om høgsterett, maktbalanse-systemet (som skil seg frå maktfordelingsprinsippet vi har), eller om korleis høgresida systematisk har forsøkt å underminere demokratiet innanfrå, gjennom å gjere det vanskelegare og vanskelegare å endre lovverket, noko som er dokumentert i boka Democracy in Chains, der det kjem fram korleis Charles Koch proppa opp folk som James Buchanan for å gradvis underminere demokratiet innanfrå, og sikre at kapitalistklassen kunne herske fritt — gjennom å påverke lovverket og domstolane til det ikkje var nokon veg attende, då ein kjapt forstod at det ikkje var særleg populær støtte for dei politiske tiltaka ein ville innføre, jamfør poenget med representasjon ovanfor. (At Trump ikkje heilt passar med Koch sin libertarianske visjon er ei anna sak.)
Eg har heller ikkje tala om korleis USA er eit ‘demokrati’ med forakt for andre land sine demokrati, som har avsett demokratisk valde leiarar – eller gripe inn militært – over ein låg sko dersom dei såg det som tenleg. Dette syner til ein forakt for ein annan viktig dimensjon av demokrati, nemleg suverenitet. (Dette får Marsdal ogso fram, og han nemner Chile og Pinochet, der nemnde Buchanan samt Friedman var involvert.)
Ein har kalla dette å ‘spreie demokrati’. Men korleis kan ein spreie noko som ein ikkje sjølv har? Det er faktisk verdt å ramse opp: USA har gjennom historia utført minst 81 kjende militære intervensjonar og statskupp i ulike land, særleg i Latin-Amerika, Midtausten og Asia. Mellom dei mest kjende er kuppet i Iran (1953), invasjonen i Guatemala (1954), Vietnamkrigen (1955-1975), kuppet i Chile (1973) og invasjonen i Irak (2003). I Latin-Amerika har USA støtta eller utført minst 24 kupp eller intervensjonar, inkludert i Cuba, Nicaragua og Den dominikanske republikk. I Asia har USA vore involvert i minst 15 store konfliktar eller kupp, som i Iran, Indonesia og Vietnam. I Midtausten har USA utført minst 14 større intervensjonar, inkludert i Irak, Libya og Afghanistan. Desse handlingane har ofte vore motivert av ønske om å verne om økonomiske interesser, hindre spreiing av kommunisme eller styrka strategisk innverknad, men har ofte ført til langvarig ustabilitet, menneskerettsbrot og økonomisk nedgang i dei involverte landa.
(Her kan nyfikne lesarar søkje opp Operasjon Gladio og Operasjon Paperclip, som var hemmelege operasjonar drivne av USA med føremål om å styrka si eiga stilling under den kalde krigen. Gladio fokuserte på å skapa motstandsgrupper i Europa for å hindra sovjetisk ekspansjon, men vart også knytt til terror og politisk ustabilitet. Paperclip handla om å rekruttera tyske vitskapsmenn, inkludert tidlegare nazistar, for å sikra amerikansk teknologisk og militær overlegenheit. Soleis innlemma ein tidlegare nazistar i viktige stillingar i kampen mot kommunisme.)
Mange har tydelegvis ein ‘eindags-forståing’ av demokrati. Men demokrati handlar ikkje berre om val. Det handlar om representasjon, det handlar om verdigheit, om mat på bordet, om utdanning, om tilgang på helsetenester. USA har kanskje framleis ‘frie’ val, men dei har eit grunnleggande udemokratisk samfunn. Og det forstår folk. Dei er sinte, og dei stemmer på Trump då han i det minste latar som om han lyttar på dei.
At han i praksis ikkje bryr seg, er ei anna sak. Men om Demokratane verkeleg ynskte å hindre ein nyfascistisk overtaking, burde dei nærast forsøkt å lytte. Problemet er berre at dei heller vil ha ein som Trump ved makta enn å innføre radikale endringar som kan truge makta til deira donorar.
At Trump no tek USA i ei enno meir autoritær, om ikkje beint fram nyfascistisk retning, er ikkje tvil om (og MOLD beta vil snart publisere ei omsetjing av ein artikkel om dette). Men han kan berre gjere dette på grunn av eit politisk system som lenge har vore rigga i favør dei rike. Som vi (sosialistar i alle høve) veit, fascisme er retninga kapitalismen tek i krisetid. Og USA sin krise starta ikkje med Trump, sjølv om mange no ynskjer å late som det er høvet.
So, USA er eit oligarki, plutokrati, eller berre enkelt eit fallert demokrati. Kva term ein vel er ikkje so viktig. Men i den grad det berre er det siste, so er det eit fallert demokrati innanfor ein allereie innskrenka tyding av kva demokrati er for noko.
Den liberale forståinga av demokrati må nemleg avgrense demokratiet til å ikkje gjelde økonomien. Ein kan ikkje ha økonomisk demokrati so lenge ein har kapitalisme, sidan dette systemet er fundert i skilje mellom dei som eig produksjonsmidla og dei som berre eig si eiga arbeidskraft. Det er altso fundamentalt udemokratisk.
Om ikkje anna burde det som no skjer få oss til å revurdere kva ein meiner med demokrati, og få oss til å slutte å nytte demokrati på ein politisert måte, der det alltid tilfeldigvis er slik at våre fiendar er ‘autoritære’, medan ‘vi’ er demokratiske. Vi burde søkje å betre vårt eige demokrati og innsjå at demokrati er ein prosess som ein stadig burde søkje å utvide, og som ein må kjempe for; det er ikkje ein permanent tilstand. Og vi bør anerkjenne at Noreg heller ikkje er eit perfekt demokrati.
Kall USA kva du ynskjer; eit fullverdig demokrati er det ikkje, og det var heller aldri intensjonen.
Merknad: Sidan saka blei publisert har det kome to nye innlegg i Aftenposten: Det fyrste finn ein her; Hagtvet har sjølv svara kritikken her.